– Ein merkedag for høgskulen
Med historisk sus opna viserektor Ingeborg Berg Skogen den første samlinga for HVOs nye doktorgradsprogram «Utdanning, språk og kultur» våren 2025.

Dei sju ph.d.-kandidatane i HVOs nye doktorgradsprogram (f.v.): Anders Aanes, Christian Hansen Malmo, Kirsten Kofod Hyldahl, Rebecca Linnèa Söderström Barreng, Marianne Hustvedt, Brage Egil Herlofsen og Sondre Johan Chesney Kvamme.
– Dette er ein historisk augneblink for høgskulen og eit stort steg framover i utvikling som eit leiande senter for kunnskap og forsking, sa viserektor Ingeborg Berg Skogen ved Høgskulen i Volda (HVO).
Saman med forskingssjef Henriette Hafsaas ønskte ho varmt velkommen dei nye HVO-stipendiatane og andre som tek emnet «Utdanning, språk og kultur», på vegner av leiinga ved høgskulen.
Ph.d.-emnet er startskotet for HVOs nye doktorgradsprogram med same namn, men det er også opna for at fleire kan ta det tverrfaglege innføringsemnet med samlingsbasert undervisning.

Ei viktig forskarutdanning tufta på sterke tradisjonar
– Det har vore ei lang reise å få på plass det nye ph.d.-programmet. Eg er også glad for at dette signaturemnet for doktorgraden blir undervist av professor Marie Nedregotten Sørbø – ein av våre mest erfarne og framståande humanistar, sa forskingssjef Hafsaas under opningsmarkeringa.
Hafsaas roste også leiaren for ph.d.-programmet, professor Per Halse, for å ha lagt ned ein stor innsats for å få programmet på plass.
Då HVO fekk grønt lys for den nye doktorgraden, blei det av NOKUT-direktør Kristin Vinje omtalt som ei tillitserklæring til HVO og eit nytt kapittel i høgskulen si historie, noko viserektor Skogen også trekte fram under opninga:
– «Utdanning, språk og kultur» byggjer vidare på HVOs sterke faglege tradisjonar, samtidig som doktorgraden representerer ei spennande og viktig utviding av den faglege profilen til høgskulen, utdjupa ho, og understreka vidare at programmet vil bety mykje for både kvaliteten og omfanget på forskinga og den forskingsbaserte undervisninga ved høgskulen.

Mangfaldige doktorgradsprosjekt
Det er i alt sju ph.d.-kandidatar i det første kullet på det nye ph.d.-programmet.
Fem av dei er tilsette i stipendiatstilling ved HVO:
- Rebecca Linnèa Söderström Barreng med prosjektet «Formative assessment in classroom research across subjects - before and after the Knowledge Promotion 2020»
- Brage Egil Herlofsen med prosjektet «Norsk bryllupsdiktning på 1600- og 1700-tallet»
- Marianne Hustvedt med prosjektet «The scaffolding of educational dialogue and critical thinking to enhance learning in secondary school»
- Sondre Johan Chesney Kvamme med prosjektet «Sjukdomslitteratur, pårøranderolla og andrepersonsforteljingar»
- Christian Hansen Malmo med prosjektet «From abolition towards colonisation: The social relations of Eurafricans in Danish fort communities on the Gold Coast in the 19th century»
HVO-høgskulelektor Anders Aanes tek ph.d.-en i eit 50/50-løp, der ein bruker halve arbeidstida si til forskingsprosjektet over fem år. Arbeidstittelen på prosjektet hans er «Skriftspråk og dialektnasjon. Ei diskursanalytisk nærlesing av språkpolitiske tekstar med vekt på retoriske strategiar i målrørsla 1967–1985».
Kirsten Kofod Hyldahl er eksternfinansiert kandidat frå Professionshøjskolen UCN i Ålborg i Danmark. Prosjektet hennar har arbeidstittelen «Feedbackpraksis i Lærerprofessionsuddannelsen – et studie i læreruddanneres feedbackkompetence».

Starten på ei akademisk reise
Dei som følgjer det nye emnet, møter eit stort og spennande team med undervisarar med engelskprofessor Marie Nedregotten Sørbø i spissen som emneansvarleg.
– Dette profilemnet blir ikkje litt om utdanning, litt om språk og litt om kultur. I staden skal det handle om det som bind oss saman som humanistiske forskingstradisjonar, og kva utfordringar vi møter, fortalde ho til hivolda.no i vinter.
Før professor Sørbø fekk ordet for å starte undervisninga denne merkedagen, nytta forskingssjef Hafsaas høvet til å ønskje dei ferske ph.d.-kandidatane velkommen til høgskulen:
– Å ta ein doktorgrad er også ei reise – med opp- og nedturar undervegs – for å lære eit tema i djupna og utforske det for å skape ny kunnskap og nye innsikter. Å arbeide med ein doktorgrad er ein fantastisk måte å bli del av akademia på. Lykke til på ferda!